HMS yrkesopplæring snøskred

Dokumentert tryggleik for arbeid i vinterfjellet

Meld deg på kurs

Kursdatoar 2027

Kursdatoar for vinteren 2027 kjem så snart dei er klare, truleg i løpet av november.

Slik byggjer vi kompetanse

Kurset er retta mot personar som arbeider i fjellet eller har oppdrag der snøskred kan vere ein risiko. Deltakarane får grunnleggande kunnskap om snøforhold, fareteikn, vurdering av skredproblem og trygg ferdsel i vinterfjellet. Opplæringa oppfyller krava i arbeidsmiljølova om dokumentert HMS‑opplæring.

Kurset blir gjennomført på Voss, med både teori og praktiske øvingar i eigna terreng. Me kan òg halde bedriftsinterne kurs andre stader, så lenge det er tilgang til kurslokale og eit trygt område for praktisk trening.

Innhald i opplæringa

  • Lovverk og ansvar

  • Snø- og skredforståing

  • Fareteikn og vurdering

  • Ulukker og uønska hendingar

  • Enkle redningsteknikkar

  • Praktiske øvingar i terreng

Kurset går over éin dag, og deltakarane får yrkesbevis etter fullført opplæring.

Om HMS-opplæringa

""

Skreddarsydde HMS‑kurs

Me tilbyr også tilpassa opplæring for verksemder, til dømes ferdsel i vinterfjell, navigering, orientering og turplanlegging

""

Krav til opplæring

All opplæring hos oss oppfyller krava i arbeidsmiljølova om dokumentert opplæring. Les meir hos Arbeidstilsynet

Vil du vite meir?

Me svarar gjerne på spørsmål og hjelper deg vidare med påmelding eller tilpassing av kurs.

Kontakt oss