Våre kurs
Snøfartsverket AS er eit kompetansesenter for opplæring innan snøskuter, terrengkøyretøy og trygg ferdsel i fjellet. Me tilbyr kurs for både privatpersonar og verksemder som treng dokumentert kompetanse i tråd med gjeldande lovverk.
Her finn du ei samla oversikt over kursa våre. På dei enkelte kurssidene finn du detaljar om innhald, krav og gjennomføring.
Kurs for verksemder og intern opplæring
Mange verksemder vel å gjennomføre kurs som intern opplæring. Snøfartsverket AS tilpassar innhald og gjennomføring etter arbeidsoppgåver, køyretøy og risikonivå.
Finn rett kurs for dine behov
Er du usikker på kva kurs eller opplæring som passar for deg eller di verksemd. Ta kontakt med oss for rettleiing og tilpassing.