Kurs for arbeid og oppdrag i fjellet
Snøfartsverket AS tilbyr yrkes- og sikkerheitskurs for personar som har oppdrag i fjell og utmark. Kursa gir grunnleggande kompetanse innan risikovurdering, tryggleik og handtering av uønska hendingar i krevjande miljø.
Snøskred, fare og redning
Dette er eit HMS‑kurs retta mot personar som arbeider eller har oppdrag i fjellet der snøskred kan vere ein risiko. Kurset gir grunnleggande kunnskap om snøforhold, fareteikn og enkle redningsteknikkar, og oppfyller krava til dokumentert HMS‑opplæring.
Innhald i kurset
HMS yrkes- og sikkerheitsopplæring, snøskred, fare og redning
-
Lovverk
-
Snø og skredforståing
-
Farevurdering
-
Ulukker og uønska hendingar
-
Redningsteknikk og tryggleik
Kurset går over éin dag. Deltakarane får yrkesbevis.
Planlagde kursdatoar 2026: 10. februar
Sikkerhet fjellkunnskap
Dette er eit HMS‑kurs for medarbeidarar som arbeider eller ferdast i fjellet. Kurset gir grunnleggande kunnskap om trygg planlegging, vurderingar og handtering av situasjonar i krevjande terreng, og oppfyller krava til dokumentert HMS‑opplæring.
Innhald i opplæringa
HMS yrkesopplæring, sikkerheit fjellkunnskap
-
Lovverk
-
Fjellkunnskap og ferdsel
-
Utstyr og førebuing
-
Farevurdering
-
Uønska hendingar og nødsituasjonar
-
Redningsteknikk
Kurset varer éin til to dagar og gjennomførast i eigna terreng. Deltakarane får yrkesbevis etter fullført opplæring.