Førarkort klasse S for snøskuter

Obligatorisk opplæring for lovleg og trygg køyring

Godkjend opplæring etter vegtrafikklova

For å køyre snøskuter i Noreg treng du førarkort klasse S. Opplæringa er obligatorisk og må gjennomførast hos ein godkjend opplæringsorganisasjon. Snøfartsverket AS er godkjend opplæringsbedrift og tilbyr komplett opplæring i tråd med vegtrafikklova og forskrift om trafikkopplæring.

Opplæringa består av teori og praktisk køyring i godkjent øvingsområde, og gir deg den kompetansen du treng for å ferdast trygt i snø og terreng.

Kven treng klasse S?

Du må ta førarkort klasse S dersom:

  • Du har førarkort klasse B utferda etter 1. juli 2006, eller

  • Du ikkje har førarkort frå før og ønskjer å køyre snøskuter.

Slik er vegen til førarkort klasse S

Prosessen er enkel og følgjer stega frå Statens vegvesen:

01.

Trafikalt grunnkurs

Må vere gjennomført før du kan delta på opplæringa.

02.

Obligatorisk opplæring hos Snøfartsverket

Teori + praktisk køyring (minst 17 undervisningstimar).

03.

Godkjenning av instruktør

Når opplæringa er fullført og godkjend, kan du gå vidare.

04.

Teoriprøve hos Statens vegvesen

Teoriprøven kan først takast etter at opplæringa er registrert som godkjend.

Teoriprøve – Statens vegvesen

05.

Utstedelse av førarkor

Etter bestått teoriprøve får du førarkort klasse S.

Pris og tilleggskostnader

Kursavgift: 8 600 kr
Baneleige: 1 000 kr (kjem i tilleg og går til grunneigarane)
Leige av snøskuter: Administrert av grunneigarane i øvingsområdet

Faktura for kursavgift og baneleige blir sendt etter påmelding.

Gebyr til Statens Vegvesen

Teoriprøve: 480 kr
Førarkort: 370 / 260 kr (avhengig av betalingstype)

Kursdatoar 2027

Kursdatoar for vinteren 2027 kjem så snart dei er klare, truleg i løpet av november.

Bestill time

Praktisk informasjon

Læring i godkjent øvingsområde

All praktisk opplæring blir gjennomført med instruktørar som har lang erfaring frå snø, fjell og føraropplæring.

Kontakt oss